April 5, 2019

March 21, 2019

March 19, 2018

Please reload

Recent Posts

I'm busy working on my blog posts. Watch this space!

Please reload

Featured Posts

Øystein som nyutdannet PT!

May 6, 2018

Hvem er du?

Mitt namn er Øystein Fure. Eg er 20 år og jobbar som Personleg Trenar ved Spenst. Hausten 2017 gjekk eg Santa Monica College gjennom Gateway, der eg studerte Personleg Trening. Eg trivs svært godt i Los Angeles og ynskjer å ein gong reise tilbake. Kvardagen min består av mykje trening og mykje jobb. Takka vere mi utdanning gjennom Gateway er eg godt rusta til denne type kvardag.

 

 

 

Fortell om din Gatewayopplevelse?​

Los Angeles blir ofte kalla verdas Fitness hovudstad, og med god grunn! På vidaregåande skule gjekk eg idrettsfag. Der drøymde eg alltid om å reise til LA og studere vidare på idrett. Gateway gjorde denne prosessen enkel og oversiktleg, med kjappe svar og stadige oppdateringar. I Los Angeles arrangerte Gateway stadige sosiale og kjekke aktivitetar. Slik som Surfing i Malibu og tur til Las Vegas. Eg fekk mange nye og gode venar som gjorde opphaldet uforgløymleg. Det er stundene saman med desse som er dei beste minna eg sit att med.

 

Hva gjør du nå?

No jobbar eg som Personleg Trenar på Spenst i Gloppen, og trivast godt med det! Ingen dagar er like og eg får stadig utfordra meg sjølv! Om ikkje lenge flyttar eg til Bergen, for å fortsette studiane. Eg har allereie vore i kontakt med ein anna gym som eg håpar å få jobbe hos. Eg trenar mykje sjølv. Kundane merkar at eg verkeleg likar det eg driv på med, noko som hjelp meg med sal av timar. Takka vere mi utdanning gjennom Gateway veit eg korleis eg skal framstå med nye kundar for å selt mest mogleg PT timar.

 

Hva ønsker du å gjøre fremover jobb og utdanningsmessig?

Til hausten byrjar eg på ein Bachelor i Entrepenørskap i Bergen. Ved siden av studiane ynskjer eg å fortsette som trenar på deltid for å ha litt inntekter. Drøymen hadde vore å få starta opp eit eige treningsstudio med utdanninga mi i Entreprenørskap, og jobbe der. Eg likar veldig godt å ha store prosjekt å jobbe med, så dette passar perfekt for meg. Samtidig for eg fortsette med trening. Eg håpar sjølvsagt at eg ein dag kan flytte tilbake til Los Angeles å leve livet i ein drøym der! Det varme klima i California og Fitness kulturen passar meg betre enn kulden i Norge.

 

Hva betyr det for deg å kunne kalle deg selv for en personlig trener?

The American Cousnsil on Exercise er eit av dei mest anerkjende selskapa for Personleg Trening i USA. Å ha ein sertifikasjon gjennom dei føles kjempe bra! Eg jobba hardt for å oppnå statusen eg har no, og det kjens godt. Alle timane eg har sete å lest har kome godt med i arbeide mitt. Det har også vore enkelt å skaffe arbeid med utdanninga eg har! Treningsinteressert i Noreg har og høyrt om ACE, noko som gjer meg attraktiv på arbeidsmarkene. Dei veks stadig i Europa, og tilbyr no eksamensområde fleire stadar i Noreg.

 

Hvordan er en typisk hverdag for deg?

Eg er som regel oppe tidleg med kundar, eller for å trene sjølv. Med meg på jobb har eg ofte fleire matpakkar, sidan eg brukar mesteparten av dagen der. Det er ofte vanskeleg å finne plass til sosiale aktivitetar med venar og dette er sjølvsagt kjipt. Når eg er heime forbredar eg lunsj til dagen som kjem, eller så lagar eg treningsplanar til kundar. Dei gangane eg har tid er eg sjølvsagt med venar, men vi endar ofte opp med å prate om trening då og. På ACE si nettside finn eg ofte lesestoff og ulike kurs som eg pleier å sette meg inn i. Trening har stor innflytelse på kvardagen min, og det er som regel trening det går i.

 

Hvordan har Gateway bidratt til din jobb?

Frå den stunda eg bestemte meg for å bli PT har Gateway hjelpt meg. Både med informasjon og påmelding av CPR kurs, noko som alle personlege trenarar må ha. Gjennom Gateway fekk eg og lære om ernæring, noko som har hjelpt meg mykje i min eiga trening. Likt med alle andre salsmenn sel eg og eit produkt, dette er treninga mi. Med opplæring i både trening og ernæring kan eg sjå ut som mitt beste og få selt mange timar! Også gjennom kurset mitt i personleg trening lærte eg mykje om korleis eg skal opptre framfor kundar.

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Follow Us
Please reload

Search By Tags